VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Afrodite

⇱ Afrodite – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Afrodite
👁 Image

OpptreriHades
Identifisert medVenus, Astarte, Turan
MorDione, Evonyme, Gaia
FarZevs, Uranos
EktefelleHefaistos
SambuarAnkhises, Butes, Faëthon, Adonis, Ares, Hermes, Dionysos, Poseidon, Phaethon, Zevs
BarnAnteros, Deimos i gresk mytologi, Eros, Phobos, Harmonia, Himeros, Hermafroditos, Hymenaios, Priapos, Rhodos, Eryx, Tyche, Peitho, Aeneas, Polycaon, Golgos, Adrestia, Khariter, Lyrus, Phthonus
👁 Image
Aphrodite på svana si, slik ho er framstilt på ein kylix (gresk vase) frå om lag 460 før Kr., no i British Museum i London.

Afrodite (gresk Ἀφροδίτη, 'kome fram av skum'),[1] er gudinna for kjærleiken, det fruktbare, gleda og venleiken i den gamle greske mytologien. Ho svarar til Venus i den romerske mytologien.[2] Diktaren Homer sa at ho er dotter av Zevs og gudinna Dione,[3] og forfattaren Hesiod at ho var fødd av havet, som hadde vorte svanger med henne av di Uranos' penis fall i havet etter at han vart kastrert av sin eigen son, Kronos.[4]

Dyrkinga av Afrodite var i stor monn avleia frå dyrkinga av den fønikiske gudinna Astarte og den babylonske Ishtar.[2] Dei viktigaste kultsentra for afroditedyrkinga var i Kýthira, på Kypros, i Korint og i Aten. Den store Afrodisia-festivalen vart feira kvart år midt på sumaren. I Lakonía vart Afrodite tilbeden som ei krigargudinne.

I Hesiods dikt Theogonien vert Afrodite fødd i havet utanfor Kýthira frå sæden til Uranos. Hesiod kallar henne difor også Kythireia. Homer meiner ho er dotter til Zevs og Dione. I Platons Symposion vert det hevda at det finst to utgåvar av Afrodite; Afrodite Urania («den himmelske») og Afrodite Pandemos («den folkelege»). Det er noko uklårt kva Platon la i dette.[5]

Afrodite vart gift med meistersmeden og guden for smier, eld og vulkanar, Hefaistos, men ho hadde fleire utanomekteskaplege eventyr, og fekk ifylgje Homers Odysseen sonen Eros med krigsguden Ares.[6] I Den homeriske hymna til Afrodite forfører ho den trojanske prins Ankhises og vert mor til helten Aeneas.[7] I Ovids Metamorfoser vert Afrodite elskerinna til Adonis som seinare vart drepen av eit villsvin.[8]

Afrodite var også ei av dei tre gudinnene, saman med Atene og Hera, som tevla om gulleplet som skulle gjevast til «den fagraste». Den trojanske prins Paris var satt til å dømme mellom gudinnene og gav eplet til Afrodite av di ho hadde lova han den vakraste kvinna i verda, dronning Helena av Lakonia. Dette skal ha gjeve opphav til utbrotet av Trojakrigen.[9]

  1. Ἀφροδίτη, Wiktionary
  2. 1 2 Field, D.M. (1977). Gresk og romersk mytologi. London: Hamlyn. s.65-66.
  3. Homer (2002). Iliaden. Oslo: Aschehoug. s.80. ISBN8203185541.
  4. Hesiod (2014). Theogonien; Arbeid og dager; Skjoldet. Oslo: Gyldendal. s.37-38 (line 188-200). ISBN9788205446601.
  5. Platon (1953). Drikkegildet i Athen. Oslo: Dreyer. s.38.
  6. Homer (2000). Odysseen. Oslo: Gyldendal. s.113-114. ISBN8205270260.
  7. «Homeric Hymn to Aphrodite». Perseus Tufts.
  8. Ovid (2024). Metamorfoser. Sett om av Thea Selliaas Thorsen. Gyldendal. s.426-428. ISBN9788205587762.
  9. Vandvik, Eirik (1963). Blant gudar på Olymp. Oslo: Det norske samlaget. s.189.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
👁 Image
Commons har multimedium som gjeld: Afrodite