| Alva Myrdal | |
| 👁 Image | |
| Fødd | 31. januar 1902 Uppsala domkyrkoförsamling |
|---|---|
| Død | 1. februar 1986 Danderyds församling |
| Nasjonalitet | Sverige |
| Yrke | diplomat, politikar, sosiolog, skribent |
| Institusjonar | Dei sameinte nasjonane |
| Alma mater | Uppsala universitet Stockholms universitet |
| Ektefelle | Gunnar Myrdal |
| Barn | Jan Myrdal, Sissela Bok, Kaj Fölster |
| Medlem | Internasjonal Kvinneliga for Fred og Fridom American Philosophical Society |
Alva Myrdal (fødd Reimer) (31. januar1902–1. februar1986) var ein svensk diplomat, politikar, og vinnar av Nobels fredspris. Ho var gift med økonomiprisvinnaren Gunnar Myrdal, og dei fekk fleire born saman; m.a. professoren Jan Myrdal.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Alva Reimer vart fødd i Uppsala og voks opp som eldste barnet i ein velståande familie som flytte fleire gonger i Alva sin oppvekst. Etter obligatorisk skulegang studerte ho m.a. psykologi og familiesosiologi. Ho studerte også i USA saman med mannen, Gunnar Myrdal, og dei flytte seinare til Geneve. Ekteparet Myrdal var skeptiske til dei låge fødselstala i den vestlege verda i dei harde 1930-åra, noko dei debatterte i den omstridde boka deira, Kris i befolkningsfrågan frå 1934. Boka er omstridd fordi ho m.a. stiller seg positiv til tvangssterilisering. Hovudtanken i boka er likevel å gjera oppsedinga lettare ved hjelp av reformer som gratis nistepakke på skulen, gratis helseteneste for born og så vidare Alva Myrdal skreiv vidare. Dette er reformer som har vunne fram i Sverige i dag. Alva Myrdal skreiv om liknande tematikk i Stadsbarn (1935) og Nation and Family (1941); utgjeven frå USA.
Frå 1936 - 1947 var Alva Myrdal studierektor ved Socialpedagogisk Seminar. Frå og med 1949 hadde ho fleire verv innan SN, og i 1950-åra var ho svensk ambassadør i India. I 1960-åra var ho møteleiar for den svenske riksdagen, og ho vart tilsett som konsultativ statsråd i utanriksdepartementet i 1966. I 1969 overtok ho som kyrkjeminister etter Olof Palme.
I 1961 vart Alva Myrdal medarbeidar til utanriksminister Östen Undén med særskilt ansvar for nedrusting. Frå 1962 til 1973 var ho ordførar i den svenske delegasjonen i nedrustingskonferansen i Geneve. Ho skreiv om dette arbeidet i boka Spelet om nedrustningen frå 1973. Alva Myrdal var motstandar av atomvåpen, og røysta også mot atomkraft i den svenske folkerøystinga i 1980. For innsatsen sin mot nedrusting fekk ho Nobels fredspris i 1982 saman med ein av inistiativtakarane bak Tlatelolco-traktaten; Alfonso García Robles.
Alva Myrdal var også engasjert i kvinnesaka, og var fleire gonger formann i Yrkeskvinnornas Riksförbund. I boka Kvinnans to roller (1957) med Viola Klein drøftar ho likestilling mellom kjønna.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Alva Myrdal» frå Wikipedia på svensk, den 27. desember 2011.
- «Alva_Myrdal» i Store norske leksikon, snl.no., henta inn 27. desember 2011.
