VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Dampskip

⇱ Dampbåt – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Dampskip)
👁 Image
Dampbåtar i Tyskland i 2006.

Ein dampbåt, eller eimbåt, er ein båt som vert driven av ei dampmaskin. I Noreg får dampskip nemninga DS framføre skipsnamnet.

Dampbåt var opphavleg ei nemning på skip med kolfyrt dampmaskin som gradvis overtok etter seglskipa. Denis Papin tykkjest ha vore den fyrste som monterte ei dampmaskin i ein båt, i 1704. Verdas første kommersielle dampskip, North River Steamboat laga av Robert Fulton, i USA, blei sett i drift i 1807. I 1818 var DS «Savannah» det første dampskipet som kryssa Atlanterhavet frå USA til Europa — det vitja Arendal som siste europeiske hamn på heimreisa etter å ha vore i Stockholm og St. Petersburg. Dette var første gong nokon såg ein dampbåt i Noreg. Dei to første dampbåtane som blei tekne i bruk her i landet var DS «Constitutionen» og DS «Prinds Carl», hjuldamparar som blei sett i trafikk i 1826.

Frå 1860 blei dampbåtane bygd i jern. Utviklinga gjekk mot stadig større skip, og DS «Mauretania» som blei sjøsett i 1907 var på 45000 tonn. I 1911 kom så DS «Olympic» og RMS «Titanic» på 60000 tonn.

Døme på dampbåtar

[endre | endre wikiteksten]
Norske dampbåtar
Utanlandske dampbåtar

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
👁 Image
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dampbåt
Denne transportartikkelen er ei spire. Dukanhjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvidehan.