VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Den_heilage_Lucia

⇱ Den heilage Lucia – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om helgenen Lucia. For feiringa, sjå Luciadagen.
Lucia
martyr
👁 Image

Føddca. 283
Siracusa
Død

304
Siracusa

ReligionDen katolske kyrkja
Den heilage Lucia på Commons

Lucia[a] (tradisjonelle datoar 283304) var ein kristen martyr frå SiracusaSicilia som blir feira som helgen i den katolske kyrkja med festdag 13. desember.

Den unge kristne jomfrua Lucia lei martyrdøden under keisar Diokletian. Ho blir i kristen kunst framstilt med eit sverd eller ein dolk og eit sår i halsen. Ho kan også halde to augo på eit fat. Grunnen er at legenda seier at ho før ho døydde reiv ut augo sine og sendte dei til han ho var trulova med. Jomfru Maria skal ha gjeve ho eit par nye og enno vakrare augo. Som attributt har ho dessutan ein palmekvist og ei oljelampe eller eit lys i handa.

Lucia er vernehelgen for synskada, sjuke barn, prostituerte som angrar seg, vevarar m.fl.

👁 Image
Lucia.
  1. latin, ’den lysande’, ’lysberaren’

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
👁 Image
Commons har multimedium som gjeld: Den heilage Lucia