VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Diskett

⇱ Diskett – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
👁 Image
Ein 8,9, 13,3 og 20,3 cm (3,5, 5,25¼ og 8 ") diskettar.
👁 Image
Diskettstasjonar for dei tre diskettstorleikane.

Diskett eller datalefse er eit uttakbart magnetisk lagringsmedium. Informasjonen vert lagra på ei fleksibel skive med magnetiserbar overflate. Disketten vart plassert i ein diskettstasjon for å lesast og skrivast. I dag vert det nytta minnepinnar i staden for diskettar og datamaskinar vert ikkje lenger leverte med diskettstasjon.

I dei eldste diskettane, med diameter på 20,3 og 13,3cm, var den magnetiserbare skiva plassert i eit papphylster, medan dei nyare diskettane med diameter på 8,9cm var plasserte i ein firkanta plastboks. Men innpakninga hadde ein opning for lese-/skrivehovudet, der støv og skit kunne koma inn og øydeleggje den magnetiserbare overflata. Diskettane var difor ikkje særleg pålitelege og det var ikkje uvanleg at informasjon gjekk tapt.

Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2022
Denne dataartikkelen er ei spire. Dukanhjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvidehan.