- Denne artikkelen handlar om femkronemynten. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå femkronesetel.
Femkrone eller femkroning er ein mynt som har vorte utmynta i Noreg som skiljemynt i koparnikkel sidan 1963.
Mynten hadde fram til 1994 på adversen eit portrett av den regjerande monarken. Frå 1998 har adversen hatt bilete av storkrosskjedet til St. Olavs orden med ordensteikn, med omskrifta «KONGERIKET NOREG».
På reversen hadde mynten fram til 1994 det norske riksvåpenet og valøren. Sidan 1998 har reversen hatt akantusornamentikk, inspirert av treskjeraren Ole Moene. Denne siste utgåva er prega med sentralt hol.
Minnemynt
[endre | endre wikiteksten]Einskilde mynter har hatt eit minnemotiv på reversen. Denne mynten har sirkulert som ordinær skiljemynt. Adversen kan ha vore som på dei ordinære myntane, med ein variant av riksvåpenet eller med motiv knytt til jubileet mynten markerer.
| År | Tal prega | Tekst (jubileum) |
|---|---|---|
| 1975 | 1191813 | Kronemynt 100 år |
| 1975 | 1222827 | Veien mot vest 1825-1875 |
| 1978 | 2989768 | Hæren 1686-1986 |
| 1986 | 2345500 | Kongsberg 1686-1986 (Den kongelige mynt 300 år) |
| 1991 | 532008 | Sølvskatten grunnlaget for Norges Bank 1816 |
| 1995 | 500000 | Norsk mynt 1000 år (med bilete av penning) |
| 1995 | 500000 | Nasjoner i forening for fred 1945-1995 Trygve Lie |
| 1996 | 1381909 | «Fram» over Polhavet 1893-1896 |
| 1997 | 1742073 | Posten skal fram 1647-1997 |
Myntane
[endre | endre wikiteksten]| Myntherre | Metall | Vekt | Sølvvekt | Utmynta år | Kunstnar |
|---|---|---|---|---|---|
| Olav V | koparnikkel | 11,50 g | 1963-1973 | Øivind Hansen | |
| Olav V | koparnikkel | 11,50 g | 1974-1991 | Øivind Hansen | |
| Harald V | koparnikkel | 11,50 g | 1992-1994 | Ingrid Austlid Rise | |
| Harald V | koparnikkel | 7,85 g | 1997- | Ingrid Austlid Rise |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norges mynter 1814-1995 ISBN 82-7319-127-3
- Noregs bank om minnemyntar Arkivert 2009-02-06 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- myntar Olav V Arkivert 2009-01-25 ved Wayback Machine.
- myntar Harald V Arkivert 2009-06-28 ved Wayback Machine.
- 5-kronemynt Arkivert 2009-06-28 ved Wayback Machine.
