VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Gigabyte

⇱ Gigabyte – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gigabyte (utt. GIgabajt, forkorta GB) er ei måleeining for datamengder. Ein gigabyte er 1024•1024•1024 = 1073741824 byte, eller 1024 megabyte. Dét er nok til å lagra ein symfoni med hifi-lyd eller ein heil spelefilm for fjernsyn.

Gibibyte eller gigabyte?

[endre | endre wikiteksten]

IKT-verda bruker prefiksa kilo-, mega-, giga- og tera- annleis enn SI. Dette skapar iblant forvirring. Difor har ordet gibibyte blitt foreslått som nytt namn på gigabyte, for å gjera prefikset giga- eintydig att (éin gigabyte vil då verta 1000000000 byte), men dette har ikkje blitt mykje brukt i praksis.

Denne dataartikkelen er ei spire. Dukanhjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvidehan.