- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå moksjamordvinsk. For moksja i austlege religionar, sjå nirvana.
| Moksja | |||
| elv | |||
| Land | 👁 Image Russland | ||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 51 000km² | ||
| Lengd | 656km | ||
| Middelvassføring | 95m³/s | ||
| Kjelde | Volgaplatået | ||
| Munning | Oka | ||
| 👁 Kart Moksja 53°18′46″N 44°32′05″E / 53.312694444444°N 44.534611111111°E / 53.312694444444; 44.534611111111 | |||
| Wikimedia Commons: Moksha River | |||
Moksja (russisk Мо́кша) er ei elv i Penza oblast, republikken Mordovia og Rjazan oblast i Russland og ei av sideelvane til Oka frå høgre. Elva er 656 km lang og har eit nedslagsfelt på 51 000km².
Moksja spring ut på 240moh. i dei nordvestlege delane av Volgaplatået, rundt 35km vest for byen Penza, ved 53°16′26″N 44°32′39″E / 53.27389°N 44.54417°E / 53.27389; 44.54417. Ho renn så nord-nordvestover gjennom åslandskapet på Volgaplatået. I den nedre delen ho over Oka-Don-sletta, og munnar til slutt ut i Oka på 79moh., 30km søraust for Kasimov, ved 54°44′35″N 41°52′42″E / 54.74306°N 41.87833°E / 54.74306; 41.87833. Ved munningen er elva rundt 100meter brei og tre meter djup, med ein straumstyrke på 0,2m/s.
Moksja frys til i månadsskiftet november/desember og er isdekt til i april. Middelvassføringa målt 72km overfor munningen er 95m³/s (minimum om vinteren 8,5m³/s, maksimum under vårløysinga i april 2360m³/s). I dei nedre delane er vårflaumen størst i mai.
Dei største sideelvene er Isa, Sivin, Satis og Jermisj frå høgre, Atmis, Vad og Tsna frå venstre. Sistnemnde er lengre enn Moksja, og dermed den største sideelva med god margin.
Av byar langs Moksja finn ein Kovylkino, Krasnoslobodsk og Temnikov
Den nedre delen av Moksja er seglbar til Kadom, 120km frå samløpet med Oka, men ho har ikkje hatt regulær trafikk sidan midten på 1990-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Moksja» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
