VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Per_Kleiva

⇱ Per Kleiva – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Per Kleiva
StatsborgarskapNoreg
Fødd1. april 1933
Torsken
Død

17. september 2017 (84 år)

Yrkekunstmålar, grafikar
Språknorsk
FarIvar Kleiva
EktefelleIda Drage

Per Kleiva (1. april193317. september2017)[1] var ein norsk biletkunstnar som arbeidde mest med måleri og grafikk. Han er særleg kjend for måleria sine i op- og pop-kunst stil og for dei grafiske blada gjort i silketrykk i tida han var tilknytt kunstnarkollektivet GRAS. Han var ein av dei leiande politisk engasjerte kunstnarane på 1960- og 70-talet.

Per Kleiva var fødd i Torsken kommune som son til Ivar Kleiva.[2] Han voks opp i Troms, på Sunnmøre og i Gulen i Sogn.

Kleiva studerte under Per KrohgStatens Kunstakademi i åra 1955 til 1957. Før det hadde han teke kveldskurs på Bergen Kunst- og Håndverksskole og på Vestlandets Kunstakademi. I 1959 studerte han under Niels LergaardKunstakademiet i København og han studerte også ved Kunstakademiet i Firenze og Kunstakademiet i Stockholm. Frå 1961 til 1965 var han assistent hjå Sigurd Winge.

Utstillingar

[endre | endre wikiteksten]

Kleiva debuterte på Statens Kunstutstilling (Haustutstillinga) i 1963 og hadde den fyrste separatutstillinga si året etter på Galleri 27 i Oslo. Sidan hadde han ei lang rekkje separatutstillingar både innanlands og utanlands, og han har og delteke på mange gruppe- og kollektivutstillingar. I tillegg har han stått for utsmykkinga av ei rekkje offentlege og private bygg.

I offentlege samlingar

[endre | endre wikiteksten]

Per Kleiva sin kunst er innkjøpt til desse offentlege samlingane

  1. «Per Kleiva er død», Dagbladet.no, 17. september 2017, henta 17. september 2017
  2. Tafjord, Leonhard og Terje Linge (1997): Ættebok for Norddal. 2. utgåve. Valldal: Norddal kommune.