VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Portrett

⇱ Portrett – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
👁 Image
Rogier van der Weyden: Kvinneportrett, 1463

Portrett er ei biletleg framsyning eller framstilling av eitt eller fleire bestemte menneske, der ein gjev att dei individuelle draga til vedkomande. Særleg skal andletstrekka framstå tydeleg. Avhengig av kor mange personar som vert avbilda, talar ein om enkeltportrett, dobbelportrett eller gruppeportrett. Nemninga «portrett» er frå fransk portrait, som kjem av det latinske protrahere, «drage fram».

👁 Image
Frans Hals, Den smilande riddaren, 1624

Eit portrett er eit bilete som viser dei individuelle karaktertrekka og ansiktsuttrykka til den avbilda personen. I det individuelle portrettet vert personen kjenneteikna med opplysning om namn, embetsteikn, attributtar, symbol eller familievåpen. I naturlike portrett er den avbilda lett gjenkjenneleg. Såleis som i fotografiet, der portrettskildringa vert nytta til å avbilde og syne fram ein person sin utsjånad og ytre framtoning. Rike oppdragsgjevarar ynskte å verte klart og tydeleg gjenkjende i sine portrett, gjerne noko forskjønna. Målarar har derfor utvikla framifrå teknisk dugleik, for slik å kunne gje att modellane sine så naturtru som mogleg.

I moderne målarkunst har desse målsettingane vorte oppmjuka, då kven som helst som eig eit kamera kan take eit bilete av seg sjølv eller nokon annan. Såleis treng ikkje avbildinga i eit modernistisk måleri ha mykje likskap med for å kunne kjennast att, og portrettet treng ikkje samsvare med den ytre utsjånaden til den avbilda.

Hovudfunksjonen med eit portrett er å avbilde ein eller fleire personar, representere den/dei som ikkje er nærverande, eller å minnast eller heidre vedkomande. Sjangeren med portrettmåleri er den viktigaste i biletkunsten, nest etter det religiøse måleriet.

Eit utval portrett

[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2025
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask. Sjekk at språket følgjer gjeldande nynorsk rettskriving og grammatikk og har ein konsekvent språkstil. Når dette er gjort, kan du fjerna merket.
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
👁 Image
Commons har multimedium som gjeld: Portrett