klamydia
Klamydia er ein seksuelt overført infeksjon forårsaka av bakterien Chlamydia trachomatis. Klamydia kan smitte til urinrøyr, skjede, endetarm (anus) og auge.
Faktaboks
- Også kjend som
- klamydiauretritt, Chlamydia trachomatis
Dei vanlegaste symptoma er svie ved urinering og utflod frå urinrøyr eller skjede. Infeksjonen kan ofte vere utan symptom, noko som gjer at mange ikkje veit at dei er smitta. Ubehandla kan infeksjonen føre til bekkeninfeksjon og auka risiko for infertilitet.
Bruk av kondom og det å teste seg etter ubeskytta sex med ein ny partnar er dei viktigaste tiltaka for å hindre at sjukdomen spreier seg.
Førekomst
Nye tilfeller av klamydia i Norge
| tidspunkt | nye tilfeller |
|---|---|
| 2005 | 19963 |
| 2006 | 21259 |
| 2007 | 22847 |
| 2008 | 23488 |
| 2009 | 22754 |
| 2010 | 22527 |
| 2011 | 22530 |
| 2012 | 21489 |
| 2013 | 22946 |
| 2014 | 24810 |
| 2015 | 25207 |
| 2016 | 25967 |
| 2017 | 25130 |
| 2018 | 26570 |
| 2019 | 28446 |
| 2020 | 25444 |
| 2021 | 23447 |
| 2022 | 29271 |
| 2023 | 28137 |
| 2024 | 23100 |
Klamydia er ein av dei vanlegaste seksuelt overførte infeksjonane i Noreg, og førekomsten har vore stabilt høg i fleire år. I 2023 og 2024 vart det registrert ein nedgang. Sjukdomen førekjem hyppigast hos dei under 25 år. I 2024 blei det påvist litt over 23 000 tilfelle.
Årsak
Årsaka til sjukdomen er infeksjon med klamydiabakterien, som blir overført ved direkte kontakt mellom slimhinner og mikrobar, ved vaginalt og analt samleie, og under fødsel. Smitte kan òg skje indirekte med fingrar og sexleiketøy, men bakterien overlever berre svært kort tid andre stader enn på slimhinner. Den smittar derfor til dømes ikkje via handtrykk, handkle eller toalettsete.
Smittefaren ved eitt vaginalt samleie med smitta partnar er om lag 10–20 prosent for begge kjønn.
Symptom og teikn
Symptoma på klamydia opptrer som regel 5–14 dagar etter smitte (inkubasjonstid), samtidig er det mange som ikkje får symptom. Ein klamydiainfeksjon i skjeden vil vere utan symptom hos dei fleste kvinner (60–85 prosent). Likeins vil ein klamydiainfeksjon i urinrøyr vere utan symptom hos mange menn (30–50 prosent). Klamydiainfeksjon i anus er oftast utan symptom.
Dei vanlegaste symptoma og teikna er:
- urinrøyr: svie eller smerte ved urinering, blank eller kvitleg utflod frå urinrøyret
- skjede: auka mengd utflod med endra farge, svie eller smerter ved samleie, bløding etter samleie eller utanom menstruasjon
- anus: kløe og svie eller smerter, utflod
- auge: irritasjon og raudt auge, som regel berre eitt auge
Komplikasjonar og følgjetilstandar
Ubehandla eller utilstrekkeleg behandla kan infeksjonen spreie seg. Hos kvinner kan infeksjonen spreie seg til livmor, eggleiarar og eggstokkar, og kan forårsake underlivsbetennelse. Dette gir auka risiko for infertilitet, svangerskap utanfor livmora (ekstrauterine svangerskap) og kroniske magesmerter. Risikoen for underlivsbetennelse er truleg under fem prosent, og risikoen for infertilitet er endå lågare.
Hos menn kan det oppstå betennelse i sædblærer, prostata, bitestiklar og testiklar. Det er uklart om infeksjonen reduserer menns fertilitet, men truleg fører klamydiainfeksjon til nedsett fertilitet også hos menn, ved at den svekkjer sædkvaliteten.
Bakteriane kan òg spreiast med blodet til andre delar av kroppen og forårsake betennelse i ledd (klamydiaindusert artritt). Ein sjeldan følgjetilstand er reaktiv artritt med langvarig forløp, tidlegare kalla Reiters sjukdom.
Bakterien kan overførast frå fødselskanalen til augeslimhinnene til barnet under fødselen og gje ein augebetennelse (konjunktivitt) hos den nyfødde. Augebetennelse som skuldast klamydia ser ein frå tid til anna òg hos vaksne. Den akutte, men ufarlege augebetennelsen som kan oppstå hos vaksne, må ikkje forvekslast med trakom (kronisk augebetennelse). Globalt er trakom framleis ei av dei viktigaste årsakene til blindskap, men ingen har hatt trakom i Noreg på mange år.
I Noreg og resten av Europa er det ein auke av lymfogranuloma venereum (LGV) hos menn som har sex med menn.
Klamydiatest
Prøvar frå underlivet blir tekne med ein urinprøve frå menn og med ein prøvepinne frå skjeden hos kvinner. Prøve frå anus eller auge blir tekne med prøvepinne.
Behandling
Sjukdomen blir behandla med antibiotika. Vanlegvis blir det gjeve tablettbehandling i sju dagar.
Utan behandling vil infeksjonen forsvinne av seg sjølv i løpet av 1–2 år hos to av tre pasientar.
Førebygging
Klamydia er ein meldepliktig sjukdom, omtalt i smittevernlova. Det vil seie at helsepersonell har plikt til å behandle og følgje opp pasienten for å sikre at infeksjonen er tilstrekkeleg behandla. Dessutan har både helsepersonell og pasienten sjølv plikt til å drive smittesporing.
Det finst ingen vaksine mot klamydia. Kondom vernar mot smitte.

Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.