Norges Volleyballforbund
Norges Volleyballforbund (NVBF) er særforbundet for volleyball. Volleyballforbundet vart stifta 11. august 1946 og er medlem av Det internasjonale volleyballforbundet (FIVB) og Norges idrettsforbund (NIF).
Fakta
- Volleyballforbundet består av om lag 350 medlemsklubbar og 21 000 individuelle medlemmar.
- Forbundet er organisert i sju regionar: Hordaland, Møre og Romsdal, Nord, Sogn og Fjordane, Sydvest, Trøndelag og Øst.
- Administrasjonen held til på Ullevaal stadion i Oslo.
Historie
Volleyball vart under namnet nettball innført i Norge i 1936 av Arbeidernes Idrettsforbund, og var opphavleg tenkt som kvinneidrett. Begge kjønn var derimot representerte, då stiftingsmøtet i volleyballforbundet vart halde 11. august 1946. Det var samla 29 representantar i kontorlokala til idrettsforbundet i Torggata 2 i Oslo; 20 frå klubbane, fire frå krinsane og fem frå nettballutvalet. Mandatane diskuterte om dei skulle kalle seg eit nettballforbund eller eit volleyballforbund, men dei vedtok det siste.
I åra fram mot 1955 gjekk talet medlemsklubbar litt ned, men deretter opplevde forbundet ein jamn auke i oppslutning. Medlemsklubbane hadde vore fleiridrettslag eller reine volleyballklubbar, men i 1956 kom skule- og studentidrettslaga med i forbundet. I 1962 følgde 4H-klubbane etter, og i 1965 kom KFUM-klubbane. Volleyballseriar vart organiserte på skular frå tidleg i 1950-åra, og volleyball fekk først fotfeste som skuleidrett i Ålesund, Stavanger og Oslo.
Sidan stiftingsåret har volleyballforbundet stått bak det årlege noregsmeisterskapet, med Idrettslaget Dristug som vinnar av dei første NM-finalane i 1946 for både kvinner og menn. Fram til og med 1969 vart NM-finalane spelte utandørs. Vinnarlaga får tildelt kongepokalen i volleyball.
Landsdekkande seriespel kom i gang etter at forbundstinget i 1967 vedtok å opprette ein landsserie for herrar med åtte lag. I sesongen 1967-68 vart serien spelt med NTHI som første seriemeister. Eit par år seinare kom forbundet i gang også med seriespel for kvinner, og frå 1969 vart det arrangert hovudseriar. Forbundet har sidan 1991 stått som arrangør av eliteserie for kvinner og menn, og det er dessutan lågare divisjonar ned til femtedivisjon i delar av landet. Det er aldersbestemte noregsmeisterskap for klassane U15, U17 og U19, i tillegg til NM for regionlag og vidaregåande skular.
Volleyballforbundet deltok for første gong med landslag utanfor landets grenser då eit dame- og herrelag var med i ei internasjonal turnering i Romania i august 1953. Per 2021 står Jorunn Grødum Holtungen og Svein Arild Jakobsen med flest landskampar. Dei har spelt høvesvis 130 og 134 kampar for Noreg.
På 1980-talet gjorde sandvolleyball sitt inntog i Noreg, og sidan 1993 har forbundet arrangert NM i sandvolleyball. Det er også i sandvolleyball at volleyballforbundet kan skilte med dei beste internasjonale resultata. Dei fremste utøvarane har vore Jan Kvalheim/Bjørn Maaseide (EM-gull 1994 og vinnarar av verdsserien sesongen 1994/1995) og Anders Mol/Christian Sørum (OL-gull i 2021, VM-gull i 2022 og EM-gull i 2018, 2019, 2020 og 2021).
Volleyballforbundet fekk sin første tilsette i 1971. Sidan den gongen har talet auka, og i 2021 var det 17 tilsette personar i administrasjonen til Norges Volleyballforbund.
Leiing
| President | Periode |
|---|---|
| Rolf Eker | 1946–1958 |
| Tor Breen | 1958–1965 |
| Bjørn Heiberg | 1965–1970 |
| Ingen president | 1970–1971 |
| John Framnes | 1971–1986 |
| Ola Ree | 1986–1990 |
| Harald Bjørgen | 1990–1994 |
| Jim Nerdal | 1994–1996 |
| Ole Kristian Sørlie | 1996–1998 |
| Roar Sundbø | 1998–2002 |
| Edgar Broks | 2002–2009 |
| Ståle Emil Johansen | 2009–2012 |
| Stein-Gunnar Bondevik | 2012–2016 |
| Eirik Sørdahl | 2016– |
| Generalsekretær | Periode |
| Knut Aga | 1971–1975 |
| Kjell Vigestad | 1975–1976 |
| Børre Torsvik | 1977–1981 |
| Svein G. Rørvik | 1982–1986 |
| Odd Roar Thorsen | 1986–1988 |
| Terje P. Stilen | 1988–1992 |
| Snorre Burmo | 1992–1998 |
| Arne-Morten Knutsen | 1999–2008 |
| Eva Lio | 2009–2012 |
| Kristian Gjerstadberget | 2012–2023 |
| Guro Røen | 2023– |
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Kolbjørn Rafoss: Å spille ballen tilbake – volleyballens historie i Norge (1998)

Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.