tuja
Thuja occidentalis, tuja. Foto frå: Den Jyske Skovhave, Rold Skov
Thuja occidentalis, tuja. Foto frå: Midtsjælland, Danmark
Tuja er eit bartre som høyrer til tujaslekta i sypressfamilien. Det bli ofte planta som prydtre i hager. Treet er opphaveleg frå det austlege Nord-Amerika. Treet blir og kalla vanleg tuja, austamerikansk tuja og livstre (arbor vitae).
Faktaboks
- Uttale
-
tuja
- Vitskapeleg namn
- Thuja
- Beskriven av
- Carl von Linné
Skildring
Dette er tre med krossvis motsette, skjelforma blad som ikkje blir felte om hausten.
Treet kan bli 20 meter høgt. Arten finst i fleire sortar (kultivarar)
Bruk
Treet bli ofte planta i hagar, parkar og på kyrkjegardar i Noreg.
Trevirke
Yteveden er nesten kvit og svært smal, medan kjerneveden er raudbrun, oftast rettfibrig. Densiteten (massetettleiken) ved 15 prosent fukt er cirka 0,39 gram per kubikkcentimeter. Tjukkare materiale kan vera vanskeleg å tørke og ha tendens til cellekollaps.
Tuja gir korrosjon på metalldelar. Tuja er haldbart, men har dårlegare styrke enn furu, og blir brukt der haldbarheit er meir avgjerande enn styrke.
Veden inneheld aromatiske stoff som kan føre til svimmelheit i lukka rom.
Systematikk
| Nivå | Vitskapleg namn | Norsk namn |
|---|---|---|
| Rike | Plantae | planteriket |
| Rekke | Pinophyta | nakenfrøete planter, nakenfrøingar |
| Klasse | Pinopsida | bartrær |
| Orden | Pinales | furuordenen |
| Familie | Cupressaceae | sypressfamilien |
| Slekt | Thuja | tujaslekta |
Systematikken følgjer Artsdatabankens inndeling (2024).
Les meir i Store norske leksikon
-
Thuja occidentalis, tuja. Foto frå: Den Jyske Skovhave, Rold Skov
-
Thuja occidentalis, tuja. Foto frå: Den Jyske Skovhave, Rold Skov
-
Thuja occidentalis, tuja. Foto frå: Den Jyske Skovhave, Rold Skov
-
Thuja occidentalis, tuja. Foto frå: Den Jyske Skovhave, Rold Skov
-
Thuja occidentalis, tuja. Foto frå: Den Jyske Skovhave, Rold Skov
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Thuja
- Artsdatabanken-ID
- 103788
- GBIF-ID
- 2684168

Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.