VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Apostrof

⇱ Apostrof – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skiljeteikn

apostrof ( ' ) ( )
kolon ( : ) ( ː )
komma ( , )
tankestrek ( )
lang tankestrek ( )
bindestrek ( )
bindestrek‐minus ( - )
hard bindestrek ( )
utelatingsteikn ( )
ropeteikn ( ! ) ( ¡ )
punktum ( . )
halvhøgt punktum ( · )
interrobang ( )
ironiteikn ( ؟ )
spørsmålsteikn ( ? ) ( ¿ )
sitatteikn ( ‘’ ) ( “” ) («») (»«) (›‹)
semikolon ( ; )
skråstrek ( / )
bakstrek ( \ )
lodrett strek ( | )
understrek ( _ )
aldusblad ( ) ( )
asterisk ( * )
asterisme ( )
kross ( )
dobbelkross ( )
innsettingssteikn ( ^ )
tilde ( ~ )
alinea ( )
listepunkt ( • ▪ ‣)


Fordelingsmellomrom
hardt mellomrom ( )
mange fleire ( ) ( ) ( ) ( )


Parentesar
parentes ( () )
hakeparentes ( [] )
krøllparentes ( {} )
vinkelparentes ( 〈〉 )
piggparentes ( ⁅⁆ )

Apostrof (’) er eit skriftteikn som på norsk blir brukt til å vise at ein del av ordet er utelaten. Vi bruker òg apostrof når vi skriv somme franske framandord og eigennamn. I andre språk har apostrofen eit vidare bruksområde, i engelsk skriv ein apostrof framom genitivs-s.

Hovudbruksområdet i norsk er for å markere at ein del av eit ord er utelaten: «eg veit’kje»,«han er på mo’n». Ved genitiv av namn på -s, -x eller -z, skriv ein apostrof istaden for genitivs-s: «Elias Blix’ gate», «Liv Grannes’ veg».

I franske namn og lånord: chargé d’affaires, Jeanne d’Arc.

I engelsk skriv ein t.d. «a hard day’s night», «Peter’s wife» (ein hard dags kveld, Peters kone). Engelsk apostrofbruk har smitta over på norsk, men det er her rekna som feil.