VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Eure

⇱ Eure – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For elva med same namn, sjå elva Eure
👁 Våpenskjoldet til {{{department}}}
Våpenskjoldet til Eure
Plassering
👁 Plasseringa til Eure i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 27
Region: Haute-Normandie
Préfecture: Évreux
Sous-préfectures: Les Andelys
Bernay
Arrondissement: 3
Kantonar: 43
Kommunar: 675
Président du conseil général: Jean-Louis Destans
Statistikk
Folketal Rangering 44.
-1999 541054
Folketettleik: 90/km²
Landareal¹: 6040 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
👁 Frankrike

Eure er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Haute-Normandie, og er kalla opp etter elva med same namn.

Eure er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Normandie.

Departementet er i dag ein del av regionen Haute-Normandie og grensar til departementa Seine-Maritime, Oise, Val-d'Oise, Yvelines, Eure-et-Loir, Orne og Calvados.

Departementet består hovudsakleg av eit skogkledd platå med dalane til elva Seinen og sideelvane hennar i mellom

Høgda varierer frå havnivå til 248 meter i sør.

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla eurois.

Den største turistattraksjonen er Giverny (4 km frå Vernon) der Claude Monet sitt hus og hage er.

Klosteret i Bec og Château-Gaillard nær Les Andelys er andre viktige turistattraksjonar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
👁 Image
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Eure