VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Kozelsk

⇱ Kozelsk – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kozelsk
Козельск
by
Våpenskjold
Land 👁 Image
Russland
Føderasjonssubjekt Kaluga oblast
Areal 10km²
Folketal 16 603 (2023)
Grunnlagd 1100-talet
Postnummer 249722
Retningsnummer +7 48442
👁 Kart

Kozelsk
54°02′07″N 35°46′36″E / 54.035277777778°N 35.776666666667°E / 54.035277777778; 35.776666666667
Wikimedia Commons: Kozelsk

Kozelsk (russisk Козе́льск) er ein by i Kaluga oblast i Russland med om lag 16000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Zjizdra, ei sideelv til Oka, 60km sørvest for Kaluga. Delar av byer er ZATO, stengd for ålmenn ferdsel fordi 28. strategiske missildivisjon har sitt hovudkvarter der.

👁 Image
Omleiringa av Kozelsk i 1239 av Batu Khan.

Byen Kozelsk vart første gong nemnt i ei krønike i 1146, som ein del av Fyrstedømet Tsjernigov. Kozelsk vart kjend våren 1238 då den den sju år gamle fyrsten Vasilij, son av Titus, måtte forsvare byen mot armeen til Batu Khan. Batu Khan kalla Kozelsk ein «vond by» etter at innbyggjarane i byen hadde slåst mot angriparane i sju veker på rad og hadde drepe rundt 4000 av soldatane til fienden under omleiringa. Innbyggjarane i Kozelsk var kraftig i mindretal og nesten alle døydde under slaget.

I 1446 var Kozelsk mellombels underlagt Storhertugdømet Litauen. I 1494 vart byen etter kvart annektert av Storfyrstedømet Moskva. I 1607 var ein einingane til Ivan Bolotnikov stasjonert i Kozelsk og gjorde motstand mot armeen til tsaristane.

Klosteret Optina Pustyn ligg like ved byen. På 1800-talet vart klosteret vidkjend for «staretsen» sin. Under den andre verdskrigen vart det oppretta en leir for krigsfangar i klosteret, rekna for polske offiserar som vart tekne til fange av den raude armeen under den russiske invasjonen av Polen i 1939. Mellom april og mai 1940 overførte NKVD rundt 4500 av dei til eit skogsområde i nærleiken av Katyn, der dei vart avretta i det som vart kjend som Katynmassakren. Dei gjenverande 200 offiserane vart sende til ein leir i Pavlisjtsjev Bor og så til Grjazovets. Byen var okkupert av tyske styrkar frå oktober 1941 til 27. desember 1941. Kozelsk vart fullstendig øydelagd, men vart gjenoppbygd etter krigen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
👁 Image
Commons har multimedium som gjeld: Kozelsk