VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Okse

⇱ Storfe – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Okse)
Storfe
👁 Storfe

Storfe
Utbreiing og status
Status i verda: Husdyr👁 Utbreiinga av storfe

Utbreiinga av storfe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Slekt: Bos
Art: Storfe B.taurus
Vitskapleg namn
Bos taurus

Storfe (Bos taurus), også kalla kveg, tamfe og kyr etter namnet på hodyra, er drøvtyggande planteetarar som er viktige i landbruk verda over.

Alle storferaser stammar frå uroksen (Bos primigenius), som er utdøydd. Det latinske namnet viser til eit partåa hovdyr av oksefamilien. Hovene er delt, og blir kalla klover. Dyra har to klover og to biklover. Dei manglar fortenner i overkjeven, og har fire magar. De fire magane blir kalla vom, nettmage, bladmage og løypemage.

Storfehannen blir kalla okse eller stut. Hoa blir kalla kvige frå 1-årsalder til fyrste kalving, og deretter ku. Storfe går drektige i frå 267 til 300 døger. Avkommet deira blir kalla kalv fram til om lag 1 års alder.

Denne landbruksartikkelen som har med biologi å gjere, er ei spire. Dukanhjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvidehan.