(Omdirigert frå Ppb)
Parts per million eller ppm (engelsk for delar per million) er ei eining for konsentrasjon. Enppm er lik ei eining per million, altså ein milliondel. På norsk blir anten «ppm» eller «delar per million» brukt.
ppm tilsvarar milliliter per kubikkmeter (ml/m³) og er i samband med erosjonsintensitet rekna som ppm = tørrvekt/vekt av prøve. Dette vil seie at delane per million er målt i milliondelar som volumeiningar.
Av og til førekjem eininga ppb, parts per billion, altså milliarddel.
Uttrykt i prosent er 1ppm = 0,0001%.
1000 ppm = 1‰
10000 ppm = 1%
ppb
[endre | endre wikiteksten]ppb er ei forkorting for det engelsk omgrepet parts per billion, altså delar per milliard.
1 ppb = 1/1 000 000 000.
Tilhøyrande omgrep
[endre | endre wikiteksten]- Fraksjon eller høvetal (dimensjonslaus)
- Prosent (%)
- Prosenteining
- Promille (‰)
- Promilleeining
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ppb. (2009, 14. februar). I Store norske leksikon. Henta 16. november 2013 frå http://snl.no/ppb.
