VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Stella_Mwangi

⇱ Stella Mwangi – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stella Mwangi
👁 Image

Fødd1. september 1986 (39 år)
FødestadNairobi
AliasStella Mwangi
OpphavKenya, Noreg
Aktiv2007
Sjangerpop
Instrumentpiano, vokal
Stemmetypealt
Verka somsongar, låtskrivar, rappar, modell
👁 Image
Stella Mwangi under ei videoinnspeling i Nairobi i 2012.

Stella Nyambura Mwangi[1] (fødd1. september1986i Nairobi) er ein norsk-kenyansk rappar og musikar. Ho skriv ofte om situasjonen i heimlandet, men òg om diskrimineringa både ho sjølv og familen hennar vart utsette for etter at dei flytta til Noreg i 1991. Arbeidet hennar er mellom anna brukt i filmane American Pie og Save the Last Dance, og i fjernsynsseriane CSI New York og Scrubs.[2]

Mwangi har vore på hitlistene både i Kenya, Senegal, Gambia, Sør-Afrika og Noreg.[3] Ho vann Kisima-prisen for beste nye artist i 2006,[3][4] og har sunge for Nelson Mandela under støttekonserten 46664 Arctic i Tromsø.[2]

I 2008 gav ho ut albumet «Living for Music». Albumet fekk blanda mottaking i Noreg, og kom ikkje inn på VG-lista.[5][6] Til gjengjeld vart det lagt merke til i Kenya.[4]

Eurovision Song Contest 2011

[endre | endre wikiteksten]

29. januar 2011 vann ho 3. delfinale i Melodi Grand Prix 2011 i Skien med songen «Haba Haba». 12. februar 2011 vann ho finalen i Oslo Spektrum, og representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Mwangi vart slått ut i fyrste semifinale.

I 2011 gav ho ut eit nytt album, med tittelen «Kinanda». Albumet inneheld mellom anna singelen «Lookie Lookie».

Fjernsynsopptredenar

[endre | endre wikiteksten]

1. april 2011 deltok ho i NRK-programmet Popstokk saman med Jonas Rønning, Lene Alexandra Øien og Per Sundnes. Der måtte ho og Per Sundnes, som var på lag, mellom anna synge den norske songen «Dum og deilig» på finsk.[7]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Artikkelen er basert på Stella Mwangi på bokmålswikipedia, 11. juli 2011.

Referanser

[endre | endre wikiteksten]