VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Viborg

⇱ Vyborg – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Viborg)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Viborg i Danmark.
Viborg
Вы́борг
by
Vyborg i 2012.
Foto: Alexander Savin
Flagg
Våpenskjold
Land 👁 Image
Russland
Oblast Leningrad
Areal 160,847km²
Folketal 71 279 (2024)
Grunnlagd 1293
Bystatus 1403
Postnummer 188800-188811
Retningsnummer +7 81378
Bilnummer 47
👁 Kart

Viborg
60°42′38″N 28°44′59″E / 60.710555555556°N 28.749722222222°E / 60.710555555556; 28.749722222222
Wikimedia Commons: Vyborg

Vyborg[a] er ein by i Leningrad oblast i Russland, i ein del av det området som Finland måtte avstå til Sovjetunionen etter andre verdskrigen. Vyborg ligg ved FinskebuktaDet karelske neset. Hovudgata i Vyborg er Lenina prospekt, under finsk styre vart gata kalla Torgilsgatan / Torkkelinkatu.

Vyborg vart grunnlagd av Torgils Knutsson i 1293 som ein del av den svenske ekspansjonen austover, i sentrum av ein gamal karelsk busetnad og eit handelssentrum frå 900-talet. Etter den store nordiske krigen, i tida frå 1721 til 1812, var byen ein del av Russland, då grensa mellom Finland og Russland vart dregen på nytt, aust for Vyborg.

👁 Image
Viborg under den svenske tida, omkring år 1700. Frå Suecia antiqua et hodierna.

Etter at Finland vart sjølvstendig i 1917 var Viborg den tredje største byen i riket, med rykte på seg som ein internasjonal by. Sovjetunionen klarte aldri å okkupere Viborg, men i Moskvafreden etter den finske vinterkrigen måtte Finland gje frå seg det karelske neset, og dimed Viborg òg, til Sovjetunionen. Deretter tok Finland Viborg attende, i 1941, før dei måtte gje frå seg byen på nytt 1944 i slutten av den finske framhaldskrigen. Ved Parisfreden 1945 vart byen sovjetisk. Innbyggjarane vart evakuerte, hovudsakleg til Lahti, og Sovjetunionen folkesette byen med eigne borgarar.

Dagens Vyborg er eit populært turistmål blant finnar, og det er lett å reise til Vyborg både med buss og tog. Byen har gamle finske bygningar i temmeleg dårleg forfatning, det mest kjende er Vyborg bibliotek, teikna av Alvar Aalto. Byen er prega av at han ligg nær grensa, på ein blindveg i sovjettida, med grensevakter og industriarbeidarar som dominerande yrkesgrupper.

Kjende stader

[endre | endre wikiteksten]

Den viktigaste kjende staden er Vyborg slott frå slutten av 1200-talet. Rundt byen var det òg, som den einaste finske byen, ein mellomaldermur, som vart riven på 1800-talet, men der delar står att, mellom anna Rådhustårnet og Rundetårnet.

  1. russisk Вы́борг, Vyborg, finsk Viipuri, svensk Viborg
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2025

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
👁 Image
Commons har multimedium som gjeld: Vyborg