VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/Volkhov

⇱ Volkhov – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Volkhov
Волхов
by
Flagg
Våpenskjold
Land 👁 Image
Russland
Areal 108km²
Folketal 37 539 (2024)
Grunnlagd 1918
Bystatus 1933
Retningsnummer +7 81363
👁 Kart

Volkhov
59°55′00″N 32°20′00″E / 59.916666666667°N 32.333333333333°E / 59.916666666667; 32.333333333333
Wikimedia Commons: Volkhov

Volkhov (russisk Волхов) er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 40000 innbyggjarar. Byen ligg 122 kilometer aust for St. Petersburg.

Volkhov ligg ved elva Volkhov, som var ei viktig ferdselsåre for skandinaviske vikingar på veg til Novgorod og Bysants. Her vart slagordet til Lenin om at «kommunisme er sovjetmakt og elektrifisering» delvis realisert ved bygging av det første vasskraftverket i Sovjetunionen, som opna 19. desember 1926 og eit aluminiumsverk som stod ferdig i 1932.

Elva Volkhov har utspring i innsjøen Ilmen og er 224km lang, med utløp i den største innsjøen i Europa, Ladoga, 25km nord for Volkhov.

10km nord for Volkhov ligg Staraja Ladoga, som var den første hovudstaden i det russiske riket, grunnlagd om lag 753.

Volkhov har inngått venskapssamarbeid med Vefsn kommune i Nordland.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
👁 Image
Commons har multimedium som gjeld: Volkhov