VOOZH about

URL: https://nn.wikipedia.org/wiki/William_Orpen

⇱ William Orpen – Wikipedia


Hopp til innhald
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
William Orpen
👁 Image

StatsborgarskapStorbritannia, Irland, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Den irske fristaten
Fødd27. november 1878
Stillorgan
Død

29. september 1931 (52 år)
London

Yrkekunstmålar, biletkunstnar, kunstnar
Sjangerportrett
Medlem avRoyal Academy of Arts, Royal Hibernian Academy[*]
FarArthur Orpen
MorAnne Caulfeild
EktefelleGrace Orpen
BornVivien Antonia Bligh St. George
William Orpen på Commons

William Newenham Montague Orpen (27. november187829. september1931) var ein irsk-britisk kunstmålar fødd i Stillorgan i County Dublin. Han er særleg påakta som portrettmålar.

Liv og gjerning

[endre | endre wikiteksten]
👁 Image
Sjølvportrett, ca. 1910
👁 Image
Zonnebeke, 1918

Orpen var son til ein irsk advokat. Han studerte fyrst i Dublin og vidareførte studiane på Slade School of Fine Art i London. Orpen fekk sin fyrste pris i 1899 med det allegoriske måleriet Play Scene from Hamlet. I 1902 opna han eit atelier i London saman med Augustus John.

Ros frå John Singer Sargent og andre gjorde at Orpen med åra vart ein av dei mest etterspurde portrettmålarane i London. Han laga elles fleire eksperimentelle sjølvportrett, ofte med dramatiske framsyningar. Samstundes måla han mange verk med impresjonistiske motiv. Regelmessig reiste han til Irland for å arbeide der. Måleria hans frå denne perioden vert rekna til den irske renessansen, ei kulturell oppblomstring i fødelandet i byrjinga av 1900-talet. Etter påskeoppstanden i 1916, som han oppfatta som landsforræderi, sette han aldri sidan sin fot i Irland.

Under fyrste verdskrigen var Orpen tilsett som offisiell krigsmålar, knytt til den militære avdelinga 'War-Artist-Project'. I 1917 reiste han langs vestfronten i Frankrike og måla dei sjokkerande slagmarkane, men også offisielle portrett av offiserar og politikarar. Etter krigen var han i 1919 til stades som kunstnar ved underteikninga av freden i Versailles, der han laga eit stort lerretsmåleri.

Orpen vart sterkt gripen av det han hadde sett under verdskrigen. Han gav ut ei minnebok, og heldt fram med å måle bilete med krigsmotiv. Eitt av måleria, Til ein ukjend britisk soldat drepen i Frankrike, vart møtt med sterk kritikk i pressa. Han fjerna då frå måleriet to forkomne soldatar ståande ved ei likkiste, og Imperial War Museum kjøpte inn verket i 1927.

Orpen døydde i London i 1931. Gjennom livet måla han meir enn 600 portrett.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
👁 Image
Commons har multimedium som gjeld: William Orpen