VOOZH about

URL: https://nn.wiktionary.org/wiki/dei

⇱ dei – Wiktionary


Hopp til innhald
Frå Wiktionary - den frie ordboka

Nynorsk

[endre]

Ordsoge

[endre]

Frå norrøntþeir, eigeform þeira og þeirra.

Varaord

[endre]

dei (objektformdei, (tradisjonell objektform)deim, eigeformdeira)

  1. (peikande) fleirtal av den og det; denne mengda
  2. (personleg) tredje person fleirtal; fleirtal av han, ho og det
    Eg kunne ikkje sjå dei i går.

Sjå òg

[endre]
Personlege varaord i nynorsk
Subjektform Objektform Eigeform/Eigedomsvaraord
Eintal
Fyrste person eg meg min m
Andre person du deg din m
Tredje person m han han, honom hans
Tredje person ho ho, henne hennar
Tredje person det, dat1 det, dat1 dess 2
Fleirtal
Fyrste person me, vi oss vår m
Andre person de dykk dykkar
Tredje person dei dei, deim3 deira
Merknader
1Aldri med i offisiell nynorsk-/landsmålsrettskriving. I hovudsak nytta før landsmålet fekk ei offisiell rettskrivingsnorm.
2sjeldan eller litterært
3Ikkje lenger med i den offisielle rettskrivinga. No i houvdsak nytta i høgnorsktekstar.

Artikkel

[endre]

dei

  1. (bunden) fleirtal av den og det
    Ser du dei høge fjella på himmelranda?

Kjelder

[endre]